Digital og Sosial LogoPå nettet opplever vi no nye måtar å tilby og dele informasjon på: bloggar, wikiar og tagging. Det blir omtala som Web 2.0 når brukarane er med på å skape innhaldet. Bibliotek 2.0 er ein utløpar av denne utviklinga og er ein utviklingsstrategi for korleis vi framover kan forme og tilby bibliotekressursar på nettet.

Hausten 2006 og våren 2007 blir det gjennomført eit opplegg for å opplyse og lære bibliotekfolk ein ny måte å bruke nettet. Opplegget er tredelt: Første del er ein introduksjonskonferanse 30.11-1.12. Andre del er tre verkstader for dei spesielt interesserte frå desember 2006 til februar 2007. Tredje del er ein ny konferanse i mars 2007 med både dei spesielt interesserte og policy-lagarar som målgruppe.

Den første konferansen går over to dagar. Målet for den første dagen er å gi ei innføring i Web 2.0. Målgruppa er vid – det skal vere interessant også for bibliotekeigarar så vel som bibliotekarbeidarar og andre som arbeider med formidling av informasjon. Den andre dagen er meir spesifikt bibliotekretta.


  1. Birgit

    Hei,

    Er det trådløst nettverk i foredragssalen, som deltakerne kan koble seg på?

    Hilsen Birgit

  2. Det er det. Du får skrapekort i resepsjonen.




Legg igjen en kommentar